torsdag 30. april 2009

Analyse av "Tilnærmingar"

Novella ”tilnærmingar” er ein del av novellesamlinga ”Knutar” som er gitt ut av Gunnhild Øyehaug i 2004. Tema i novella meinar eg er sjølvtillit. Motivet kan være uunngåelige situasjonar.

Novella handlar om Ragnhild som sit på rommet sitt. Ho kikkar ut av glaset og får auge på systera som ligg og soler seg mens naboguten, som Ragnhild sjølv har eit godt auge til, står bak gjerdet og smugtittar. Ragnhild må tisse ho sit å rugar frem og tilbake for å holde tisset inne. Ho vurderar å gå på do, men veit at bestefar har kommi på besøk, som betyr at viss nokon finnar ut at ho er heime blir ho dradd bort til pianoet i stua og må spele bestefar sitt yndlingsstykke. Ragnhild vil over hovudet ikkje dette så ho knip igjen litt til. Til slutt orkar ho ikkje meir, ho må på do. Ragnhild prøver å liste seg ned på doen og opp igjen utan at nokon legger merke til det, men mislykkas. Golv og dører i det gamle huset knirkar og Ragnhild må, til si eiga ergring, spele for bestefar. Ragnhild speler litt feil her og der, men bestefar verkjer oppriktig fornøgd og stolt over ho, dette endrar også Ragnhild sitt syn på saken, kanskje ho ikkje er så verst likevel. Ho vurderar til og med å gå ut på marka å vise naboguten sine ferdighetar i badminton. Teksten er skrevet i 3. Person, men vi kommer likevel inn på Ragnhild sine tankar og følelsar. Dette gjer at det er Ragnhild vi ser handlinga gjennom, det er ho vi får medføling for. For at vi skal kunne danne oss et bilde av kva Ragnhild meinar om pianospel er det brukt retrospeksjon, der hennes gamle oppfatningar av saken er skildra. Handlinga tar plass i eit gammalt hus på sommaren i nyare tid. Det er mye som tyder på dette; golv og dørar knirkar som det ofte gjer i gamle hus. Likevel er det vassklosett noe som kjem fram da Ragnhild ikkje trek ned for å lage minst muleg lyd. I tillegg ligger systera å solar seg på ei solseng, noe som også er ein forholdsvis ny innretting. Det at Ragnhild er så redd for veps kan kanskje være at det er slik ho føler seg for øyeblikket. Som en veps som aldri gjer noko bra for nokon, er stygg og ikkje klarar å bevege seg utan å gi lyd frå seg. Det at ho beskriver den som ein hai i eit akvarium, fortel kanskje noe om at ho sjølv følar seg innestengt. Når ho rømmar frå vepsen rømmar ho kanskje like mye frå seg sjølv. Det er mye som tyder på at Ragnhild ikkje er heilt fornøgd med sitt eiga ytre. Ho synes for eksempel at ho er for tykk til å gå i sommarkjole eller shorts, ho går sjeldan ut om sommaren og synes systera er mye penare enn ho sjølv.
Vendepunktet er knytte opp mot ein parallell handling. Når Ragnhild knirkar med skapdøra på kjøkkenet, smilar systera til naboguten. Da ser vi korleis det endar. Ragnhild må sitte inne å spele piano mens systera er ute i solen og pratar med den kjekke naboguten.
Som nemnt tidlegare meiner eg at uunngåelige situasjonar er motiv i novella, Ragnhild var dømd til å måtte gå ned på doet og i eit knirkande hus måtte jo nokon legge merke til at ho var heime. Når det gjelder temaet er det mange faktorar som byggjer opp under sjølvtillit. Ragnhild synes ho sjølv er stygg og for tykk. Ho hadde lite lyst til å gå ut og syntes ho var dårleg på piano. Sjølvtilliten til Ragnhild endrar seg etter skryt frå bestefaren. Ragnhild sluttar å tenkje på ting ho er dårleg til og begynner å tenkje på ting ho er god til. Ho finnar ut at ho er mye betre enn systera på badminton og vurderar å gå ut å vise det for naboguten.

Ingen kommentarer: